Er du ein engstelig pleaser?
Eller er du ein uvanlig sterk kvinne på lik linje med Maria?
Nylig las eg kapittelet om Balders daude i Gylfaginning på norrønt. Dette som del av eit emne om eldre språk og språkstruktur.
Balder den gode drøymer farlege draumer om livet sitt. Æsene held råd, og kjem frem til at Frigg vil ta eid av absolutt alle ting i verda, om at dei ikkje vil skade Balder. Det skjer, men den sjalu halvguden Loke finn ut at mistelteinen ikkje har avlagt eiden. Han lurer den blinde æsen Hod til å skyte mistelteinen mot broren sin Balder, som døyr med det same.
Stor er fortvilinga blant æsene. Til slutt rir Hermod til daudsriket Hel, og tilby løysepenger viss Balder då får vende tilbake til Åsgård.
Liket blir bore til det store skipet til Balder. Når kona, Nanna Nepsdotter, ser liket, brestar hjartet hennar av sorg og ho døyr. Ho blir bore til likbålet. Odin legg den magiske ringen Draupne på bålet. Hesten til Balder blir óg leidd dit.
Hermod kjem etter ein lang reise frem til Hel, og finn Balder der. Hel går med på at Balder får vende tilbake til Åsgård, dersom heile naturen og alle vesen græt om Balder. Hermod vender tilbake til Åsgård for å formidle Hels beskjed. Han tar avskjed, og Balder gir han ringen Draupne, som han skal gje tilbake til Odin.
Nå kjem delen der eg stussa.
For kven er det som plutselig óg dukkar opp? Jo, Nanna. Ho er jo óg i daudsriket, hadde vi gløymt det? Riktignok har ikkje ho fått ein ærefull plass på høysetet som mannen sin.
Nanna gir óg gåver til Hermod. Tøy og andre gåver, som svigermor Frigg skal få, og ein gullring til Friggs tener Fulla.
Kort om korleis historien endar, før eg fortel meir om kvifor eg stussa.
Alle levande vesena græt om Balders daud. Alle, unntatt eit. Ei gygerkvinne som heitar Tokk, nektar å gråte og seier at Hel godt kan ha det som er hennar. Tokk er nok Loke i forkledning.
Med det må Balder forbli i Hel, og Ragnarok byrjar.
Jo, ein trist historie. For Balder, alle æsene og menneske. For no vil heile verda gå under.
Og Nanna? Er ho litt glad? No kan ho i alle fall vera saman med mannen litt til?
Ho elskar mannen sin så mykje at hjartet brast då ho så han daud. I Hel er ho igjen saman med han. Men så står ho i fare for å miste mannen ein gong til.
Har ein daud eit hjarte som kan breste ein gong til? Sikkert ikkje. Men stor sorg kan ho sikkert føle?
Nanna setjer seg ikkje imot. Ho klagar ikkje at æsene ikkje er ivrige etter å få ho tilbake. Ho antyder ikkje at Balder kanskje ikkje kan leve utan kone. Ho kunne jo ha prøvd den? Nei, ho forstår alvoret. Verda må reddast.
Men kvifor gir ho gåver?
Er det eit forsøk på å slikke til seg en plass i den kule æse-jentegjengen sjølv etter dauden?
Skylder ho gåver som ho ikkje rakk å gi då ho var i live? (Æsene har i alle fall ikkje gitt med Hermod gåver til Nanna, eller nokon andre i Hel for den saks skyld).
Er det eit tegn på stor raushet?
Eg held ein knapp på det siste. Det at ho ikkje berre aksepterer å miste Balder ein gong til, men óg gir gåver, tyder på ein sterk karakter. Ho forsonar seg med æsene, og ikkje minst med skjebnen.
Ho minnar meg faktisk om Jesu mor, som tidleg visste at ho kjem til å miste sonen sin, og likevel aksepterte at det berre måtte skje. Nanna er som ei hedensk Maria.
Kan denne delen av historien ha vore inspirert av kristendomen, som var på vei inn i Noreg og Island?
Gylfaginning er ein del av Den yngre Edda, skrive av den islandske dikteren Snorre Sturlason ein gong på 1200-talet, og basert på ein lang muntlig tradisjon.
Ja, dette var no berre nokre tankar. Eg er på veg. Det finst sikkert litteratur om dette, og det høyrer eg gjerne om. Gjerne kom med kommentarar.